
|
GOD TUR etter “Turstigen langs Driva”!
HALD HUNDEN I BAND OG LUKK ALLE GRINDER! |
|
Skoresbrua med kvennhuset hans Even Fossheim nedafor brua. Under storflaumen i juli 1932 gjekk vatnet jamt med brudekket da elva var på det største. Denne brua var den einaste som tolde presset, og stod fram til ho vart utskifta i 1951. Bildet er tatt før 1926. I bakgrunnen er Fossesgrenda - med gardane slik dei låg den gongen. |
|
Skoresbrua |

|
Til Rishaugen |

|
Vinter ved Skoresbrua, mot Oppdal |
|
Foto © Sigmund Rise |
|
Tilbake til turforslag |
|
Bruk knappene øverst på høyre og venstre side av kartet for å navigere frem og tilbake langs stigen.
Eller du kan klikke på en av de grå knappene på kartet for å gå direkte til et av de andre punktene som er merket av.
Den røde knappen viser hvor du er til en hver tid. |

|
Med utgangspunkt frå parkeringsplassen her ved Skoresbrua går turstigen nordover til skulen og byggefeltet (ca. 1 kilometer) og sørover til Gottemsbrua (ca. 2 kilometer). Stigen er lagt langs elva, med skogen som ly for vêr og vind og elva som naturoppleving. Elva kan også gje opplevingar med stangfiske dersom vêr og vassføring - og fiskelukka - er med oss. Tverrlina som går opp til E6, vart bygd etter at Kongevegen gjennom Risgrenda vart omlagt i 1860 åra. Tidlegare hadde vegen gått lenger oppe i grenda enn i dag. På lag samtidig med omlegginga av riksvegen var det omfattande utskiftingsforretningar som førte til at dei fleste gardane vart flytta. Da vart |
Tverrlina bygd for å gje bortbyggene kort veg til riksvegen. Tidlegare hadde dei veg omtrent der turstigen går i dag. Dei kom da inn på riksvegen sør for Rishaugen ved ein plass som bar namnet Kongssletta -no ein del av Nesto. Kongssletta har sikkert fått namnet sitt etter ei av dei berømte kongeferdene over Dovrefjell, i 1685, 1704 og 1733. Dette var store følgje som kunne telje fleire hundre personar utanom køyrekarane. I Oppdal var kvart skysskifte pålagt å halde 120 hestar i beredskap for slike kongelege følgje. Ein liten pust i bakken kunne nok gje opphavet til namnet Kongssletta. Ein må rekna med at det var stort oppmøte av bygdefolk når følgjet kom ned Drivdalen.
|