Turstigen langs Driva

Oppdatert: april 27

Turtype: Fottur.

Vanskelighetsgrad: Lett.

Lengde: Total lengde 7,4 km, en vei.

Parkering: Parker på tomta etter "gamle Driva samvirkelag" på vestsiden av E6 (rett sør for skiltet avkjørsel til Vinstradalen). Eller sving av E6 ved skilting til "Viken" 1 km lenger sør, og kjør ned Båggåstrondveien. Parker ved Skoresbrua over Driva.


Lett tilgjengelig stinettverk som gir mulighet for korte og lange turer.


Uansett hvor du velger å starte turen fra, får du nå mulighet til å gå i et godt merket stinett, som er hyppig merket av skilt med navn og antall km. Langs stiene vil du også finne informasjonstavler med oversikt over stiene og kulturminner.

Stiene går på begge sider av elva Driva, hvor store deler av stien er i skogen, som gir ly mot vær og vind. Det er satt ut benker langs stien. Mellom Gottemsbrua og Skoremsbrua er det gapahuk med bål, og spiseplass. Dette er et yndet turmål for småbarnsfamilier.


PS: Husk alltid å lukke grenda etter deg, og hold hunden i band. På sommers tid er det sauer som beiter i dette området.

Turbeskrivelse: "Bua"-tomta - hengebrua.

Start fra parkeringsplassen på tomta til "Gamle Driva samvirkelag". Følg E6 nordover til elva Vinstra, og følg traktorveg langs Vinstra nedover til elva Driva. Etter 0,6 km kommer du til hengebrua over Driva. På vestsida av Driva kan du følge turstigen nordover til trimposten i Sætrumsmoen (0,7km), eller sørover til Skoresbrua (1,3 km)

Turbeskrivelse: Rundtur fra "Bua"-tomta - Granmo camping.

Rundturen følger turstigen langs Driva og Pilegrimsleden og er ca 5 km. Start fra parkeringsplassen på tomta til "Gamle Driva samvirkelag". Kryss E6 og gå nordover langs E6 over elva Vinstra. Sving opp Losråket ved Smegarden camping og følg Pilegrimsleden nordover. Etter ca 2 km svinger vi av fra Pilegrimsleden og følger skilting og merking mot Granmo camping. Gå gjennom campingplassen på Granmo og ned mot elva. Følg stigen langs elveforbygginga tilbake til startpunktet (skiltet mot Smegarden camping).


Turbeskrivelse: Skoresbrua-Sætrumsmoen:

Ca 2 km en vei. Start fra parkeringsplassen ved Skoresbrua.

Se beskrivelse for trimpost Sætrumsmoen.

Rundturmulighet ved å følge Sætrumsmovegen tilbake til startpunktet. Hele rundturen er ca 4 km.


Turbeskrivelse: Skoresbrua-Gottemsbrua

Ca 2 km en vei. Start fra parkeringsplassen ved Skoresbrua.

Se beskrivelse for trimpost Risfossen/Fantholo

Rundturmulighet ved å krysse Gottemsbrua, og følge merket sti på vestsida av elva tilbake til startpunktet. Hele rundturen er ca 4,5 km.






























































Historie og kultur langs stien:

Skoresbrua: Med utgangspunkt frå parkeringsplassen her ved Skoresbrua går turstigen nordover til skulen og byggefeltet (ca. 1 kilometer) og sørover til Gottemsbrua (ca. 2 kilometer).

Elva kan også gje opplevingar med stangfiske dersom vêr og vassføring - og fiskelukka - er med oss.

Tverrlina som går opp til E6, vart bygd etter at Kongevegen gjennom Risgrenda vart omlagt i 1860 åra. Tidlegare hadde vegen gått lenger oppe i grenda enn i dag. På lag samtidig med omlegginga av riksvegen var det omfattande utskiftingsforretningar som førte til at dei fleste gardane vart flytta. Da vart Tverrlina bygd for å gje bortbyggene kort veg til riksvegen. Tidlegare hadde dei veg omtrent der turstigen går i dag. Dei kom da inn på riksvegen sør for Rishaugen ved ein plass som bar namnet Kongssletta -no ein del av Nesto.

Kongssletta har sikkert fått namnet sitt etter ei av dei berømte kongeferdene over Dovrefjell, i 1685, 1704 og 1733. Dette var store følgje som kunne telje fleire hundre personar utanom køyrekarane. I Oppdal var kvart skysskifte pålagt å halde 120 hestar i beredskap for slike kongelege følgje. Ein liten pust i bakken kunne nok gje opphavet til namnet Kongssletta. Ein må rekna med at det var stort oppmøte av bygdefolk når følgjet kom ned Drivdalen.


Skoresbrua med kvennhuset hans Even Fossheim nedafor brua. Under storflaumen i juli 1932 gjekk vatnet jamt med brudekket da elva var på det største. Denne brua var den einaste som tolde presset, og stod fram til ho vart utskifta i 1951. Bildet er tatt før 1926. I bakgrunnen er Fossesgrenda - med gardane slik dei låg den gongen.


Gottemsbrua

Gottemsbrua ligger lengst sør i stinettet.

Gottemsbrua har tent trafikken i over hundre år. Ho vart bygd i 1898 av Christiania Maskinverksted og bruka på riksvegen over elva Resa ved Å i Meldal. Der stod ho fram til 1936, da trafikken hadde vokse frå henne og ho vart flytta til Oppdal. Først vart ho bruka på Lønset, på vegen over Driva til Ishol-gardane. Der gjorde ho teneste fram til 1975. Da var ho blitt for lita også for trafikken der, og dermed bar det opp i Drivdalen, til gardsvegen over Driva til Gottem. Den gamle Kongevegen er i god hevd vidare sørover mot Isbrekka. Dersom ein ønskjer ein lengre tur, må ein ta av til høgre litt lengre oppe i Gottemsveien.



Rishaugen

Rishaugen har vore husmannsplass under Nordistu Rise og hatt busetting frå gamal tid. Ved registreringa av gardar som Landkommisjonen gjorde på 1660-talet vart det oppført sju bruk med namnet Rise.

Garden til Ole Rise var den klart største, og står oppført med ein husmann med jord. Det er svært sannsynleg at dette er Nordistu med Rishaugen. I folketeljinga frå 1801 er Anders Olsen registrert som husmann med jord i Rishaugen.


I 1865 er Rishaugen registrert med Jens Sivertsen som husmann med jord. Han er også eigar av jorda

i Losløkkja, og har ein buskap på ein hest, sju kyr og åtte sauer. Dette er ein stor buskap, og sannsynlegvis var det i denne perioden at Rishaugen fekk bygd seter i Nordistuteigen i Rismorka, Haugasetra. Enno kan vi sjå tufter etter denne setra.

I 1875 er Jørgen Olsen Rishaug registrert som tenestekar i Nordistu Rise. Han fekk siste husmannskontrakten på Rishaugen. Han var som nemnt siste husmannen. I anleggstida til Dovrebanen og seinare har fleire budd på plassen.

I 1920-åra leide professor Sivert Bragstad ved NTH plassen til feriebruk. Han sto for både tilbygg og restaurering av stova. Familien hadde gode år i Rishaugen, med laksefiske om sommaren og rypejakt om hausten. Bildet er frå denne tida. I 1927 døydde Sivert Bragstad, og sidan vart plassen mindre bruka.

Dei siste som budde her i Rishaugen var Margit og Sivert Rise med seks born. Sidan gjekk utviklinga av boligstandard Rishaugen forbi, og forfallet fekk fri råderett.



Kalkovnen i Rishaugen

Vi veit ikkje sikkert når denne omnen vart bruka, men truleg var det i andre halvparten av 1800-talet. Kalken vart nytta til sement i fjøsmurar og lysomnar. Kalkstein (limsten) vart frakta frå Limstenberga i Vinstradalen og ned til omnen. Her vart han brent og leska til sement. Det fins fleire liknande anlegg i Vinstradalen.

 Lokalavisa ”Fjellposten” har ein notis 21. desember 1906: ”Bagenfor Rise er fjeldet kalksten. Nu brændes ikke meget kalk. Dette tyder på at drifta var så godt som

slutt i 1906.


Rise Kraftverk

Ole E. Rise var teknisk leiar og primus motor for Driva Elektrisitetsverk, som vart bygd i Risfossen tidleg i 1930-åra.

Det avløyste det gamle verket som Torvald Kolstad bygde i Vinstra i 1912. Anlegget i Risfossen var største grendekraftverket i Oppdal ved sida av Dørrumselvens Elektricitetsværk - «Dørrumselven», som det heitte på folkemunne. Rett nok var ikkje vassfallet her i Risfossen imponerande høgt, berre 6,4 meter, men røyrleidningen hadde etter måten grove dimensjonar. Verket kunne yte 50 kilowatt. Det var organisert som andelslag, og ved oppstartinga i 1932 hadde det teikna seg 35 abonnentar.


 Anlegget i Risfossen produserte vekselstraum, og kunne dermed gje kundane ei betre og sikrare vare enn dei gamle likestraumsverka. Det var lagt inn to transformatorar i linjenettet, som i 1932 strekte seg over ti kilometer. Sidan vart forsyningsnettet utvida.

 Det var lite pengar blant folk i «dei harde trettiåra». Dermed vart det vanskeleg å skaffe lån, for inntektene til elektrisitetsverket var usikre. Følgjeleg måtte det sparast, men det er nesten utruleg kva karane fekk til med små midlar. Berre turbinen var ny, for den måtte spesiallagast.

Resten av utstyret vart kjøpt frå konkursbuet etter eit mislykka industrieventyr ved Røstvangen på Kvikne. Frakta til Risfossen gjekk for seg med hestar og sledar.

av hjelpemiddel var stubbebrytar, hestar og mannemakt. Ola E. Rise var teknisk sjef og byggeleiar, mens Ivar Hagen, John St. Riise og Paul og Ingebrigt A. Loe stod for transporten. Alle arbeidsføre i grenda var med på bygginga.

All betongen til dam og bygg vart blanda for hand og lagt i forskalinga frå trillebår. I 1932 stod verket ferdig, og kraftstasjon, linjenett og transformatorar vart godkjent av Statens Elektrisitetstilsyn. Totalt kosta verket 32.000 kroner, og andelar var innbetalte med 800 kroner per kilowatt. Torvald Lauritzen hadde dagleg tilsyn med drifta. Han gjorde ein stor innsats med ishogging når vinteren kom med frost og ising som sende vatnet på avvegar. Verst var det når det kom store temperaturomslag. Men når isen først hadde lagt seg, fungerte det bra. Med sommar og vanleg nedbør produserte verket opp mot 50 kilowatt. Når det var kalde vintrar og abonnentane hadde stort behov for straum, vart det ofte berre halv produksjon - og dårleg spenning.

 Abonnentane kunne bruke så mange kilowatt som dei hadde kjøpt andelar for. Vart forbruket større, kopla ei vippe ut straumen. Det systemet gjorde at magasinkomfyren vart populær. For da kunne ein varmeopp magasinet om natta og bruke det til koking på dagtid.


«Fanthulu»

«Fanthulu», som ho blir kalla i dagleg tale, ligg nær Gottemsbrua og var luggum som kvile- og overnattingsplass for ferdafolk da allmannvegen gjekk her før 1868. Det var nok godt å kvile her for dei som skulle opp bakkane mot Isbrekka og vidare mot fjellet. Den gamle vegen kom over Vinstra ved Sandbrekka forbi Ekrann og dei andre Ris-gardane, som den gongen låg samla oppe i grenda. Den gjekk vidare sørover og nedover til den passerte i nærleiken av Fanthola.

Det var mykje tater og mange fantefølgje den tida vegen gjekk her. Dei var stadig på reisefot og dreiv med ymse handverk og småhandel, men tigging var nok den sikraste levevegen. Dei tok aldri fast arbeid. Sume hadde sakene sine på ei handvogn eller ein kjelke, men dei fleste hadde hest og kjerre.

Fant og tater var markerte og fargerike innslag i grenda når dei spreidde seg utover - med kjerringar og ungar på tigging medan karane tok på seg fortinning av koparkjelar, selde hestar og klokker eller laga knivar og dreiv knivhandel. Men dei vart sjeldan verande lenge. Fanten og tateren levde utafor det etablerte samfunnet. Dei vart oppfatta av fastbuande som så plagsame at det var oppnemnt folk som hadde til oppgåve å jage dei uvelkomne gjestene ut or bygda. «Ståtarkongar» vart dei kalla, og var utstyrt med nødvendig reiskap for å utføre arbeidet sitt. Ståtarkongane var oppnemnde av kommunestyret og fekk betaling av kommunen.

Enkelte av desse fantefølgja eller -slektene hadde sine kjenningar og meir faste tilhald i eldhus og liknande uthus på gardane. Men for mange var nok Fanthola god å ty til. På Statens fjellstuer på Dovrefjell var det spesielle «fantstuer» som desse reisande fekk bruke. Kor mykje fant det var som

rak på bygdene er det nok ingen som veit, for dei let seg vanskeleg registrere, men ei oppteikning over fant frå 1845 inneheld sju hundre namn.

Hola er ei jettegryte som vart til like etter siste istida, da elvelaupet låg høgare. Sidan har elva grave seg ned dit ho går i dag. På stader der elva fraktar mye stein under vårflaumen, kan ho ha grave seg ned i fast fjell ca. ein millimeter per år. På 10.000 år skulle det bli omtrent ti meter.

238 visninger

Kontakter for nettsiden:

Anne Marit Aune           M: 481 99 416     E-post: annemarit@oppdal.com

Jenny Kristin Heggvold M: 970 90 579     E-post: jenny.kristin@drivdalen.no

© 2020