top of page
Risgrenda og Vinstradalen

Møtestad for vegane over fjellet

Artikkelen er presentert i BØGDA VÅR 2002, forfatta av Ola P. Hoel

Ingen veit i dag kva tid Risgrenda vart busett. Men gravfeltet fra jernalderen som ligg på Trenga /Risjære viser at det i alle fall har vore gardar her tre-fire hundreår etter Kristi fødsel. Og det er vel grunn til å tru at den første busettinga skjedde enda lengre tilbake i tida. 

Både Lo og Rise er eldgamle naturnamn av den typen namneforskarane meiner er dei aller eldste gardsnamna. Det er naturleg å tru at  Rise er eldst, i og med at gravplassen er plassert her. Ein må tru at gardane er eldre enn gravplassen, sjøl om gravfeltet har vore i bruk frå eit større område, kanskje både Drivdalen og Båggåstronda. Rise kjem av ”ris, krattskog”, medan Lo blir tolka som ”lågtliggjande eng nær vatn og skog”. 

 

Øvst på Ristangen låg gardane samla heilt fram til midten av 1800 - talet. Grenda var eit knutepunkt for dei tre vegleiene over fjellet  som møttes her. Vegen gjennom Drivdalen kom opp på platået der gardane låg og gjekk gjennom tuna. Så heldt han fram ned Sandbrekka og over Vinstra, som er eit sterkt skilje mellom grendene Rise og Lo. Drivdalen var nok den sikraste vegleia for dei som kom over fjellet når Driva var islagt. Men sommars tid, når vassføringa var stor, kunne det nok vera problem å ta seg fram i den tronge dalen, langs ein veg som hadde mange vad og klopper. Da var det lettare å bruke dei eldgamle ferdselsvegane framover Risberget eller gjennom Drotningdalen og Vinstradalen. Og alle vegleiene møttest i Risgrenda. Her låg sju gardar tett saman, og manntalet frå 1701 viser at alle brukarane her var postbønder. Det vil seie at dei hadde plikt til å frakte post over fjellet, fram til Tofte på Dovre. Ein del tenestemenn frå stat og kyrkje hadde og krav på skyss og følge over fjellet når dei for i offentleg teneste. Denne plikta varte fram til 1784 da fjellstuene ble pålagt  å føre post og anna skyss fram til neste fjellstue.

 

Rise_Skysstasjon.jpg

Rise skysstasjon. Hovebyggning fra 1860-tallet da gården ble flyttet.

Utskiftning og hamskifte

Kjeldene viser at største garden var Nordisto på Risom på 1700-talet og fram til midten av  neste hundreåret. Den hadde dobbelt skyld i forhold til dei andre og var sterkt inne når det gjaldt trafikken over fjellet. Denne garden fekk skysstasjonen som skulle ta  trafikken mellom  Aune og Drivstua.

 

Men etter midten av 1800-talet miste Nordisto posisjonen som den største garden i Risgrenda.  Eigaren av Stortrenga, Tore Kongsvold, som også dreiv fjellstua på Kongsvoll, var ein tiltaksam kar som kjøpte opp nabogardane etterkvart som det let seg gjere. Oppkjøpa hadde nok fleire årsaker. Tore var ei dyktig mann med sterk økonomi. Han dreiv med pengeutlåning, det dei den gongen kalla ”diskonteringsforretninger”. Det var tronge tider i jordbruket  frå 1860 - åra og utover, og dei som måtte låne penger for å greie seg, hadde lite vern mot utlånarane. Ofte vart Amerika den einaste utvegen. Risgrenda tynntest for gardbrukarar og husmenn på denne tida.

 

Fram til midten av 1800-talet låg desse gardane øvst i Risgrenda: Øvergjæret, Nergjæret, Vesletrenga, Stortrenga og Risløkkja. Nedst i Risgrenda låg Nordisto, saman med gardane Ekrann, Oppisto, Megarden og to Søstu-gardar. Alle desse seks gardane låg samla sør for Håmmårsberget. Men utover i andre halparten av 1800-talet vart dette bildet fullstendig forandra på grunn av store utskiftningsprosessar. I det gamle sjølvbergingsjordbruket var det vanleg at gardane hadde innmarka oppdelt i fleire teigar, som låg om ein annan i ei teigblanding som kunne minne om eit lappeteppe. Også gardane i Risgrenda kunne ha jorda si fordelt på mange små teigar. Med eit slikt eigedomssystem kunne det ikkje drivast moderne jordbruk basert på kjøp og salg. Boniteringskartet som dei brukte ved utskiftninga var oppdelt i 300 teigar som låg i sterk blanding. No skulle det bli mest mogleg samla jord på alle, og det førte til store forandringar i Risgrenda.

 

Det førte til at at dei fleste gardane måtte flytte husa, og det er vanskeleg å forstå korleis dei greidde det arbeidet som følgde med flyttinga. Ekrann, Holan, Oppisto, Megarden, Nordisto og Søsto - alle vart dei flytta og fekk nye tun. Det meste skjedde i løpet av ein tiårsperiode. Dette var sjølsagt eit enormt arbeid, og i tillegg til husflyttinga og - bygginga, måtte nye gardsvegar og utgardar til.

 

Alt dette var ein del av den store moderniseringa av jordbruket og livet på bygdene som Inge Krokann har kalla ”det store hamskiftet”.  Sjølvbergingstida var slutt, no galdt det å bli dyktig  til å produsere for salg og tene penger . Det var ei tid som skapte omstilling på mange vis. I Risgrenda var Tore Kongsvold ein av pådrivarane for å effektivisere  produsjonen av jordbruksprodukter, som til no hadde vore lite retta på salg. Rundt 1870 fekk han tak i ein fjøsekspert, ein ”sveitser” Joseph Gretter fra Sveits, til å hjelpe seg med dette. Han kom til Kongsvoll etter å ha vore ei tid hos Halvor Mjøen. Tore og Halvor måtte ha vore langt framme når det galdt å effektivisere mjølkeproduksjonen. Det går fram av ein samtidig rapport fra amtmannen om næringslivet i Oppdal :” To Mand, Tore Kongsvold og Halvor Mjøen, hvis kreaturer og Melkestel staar på Overgangen mellom Meieridrift og almindeligt Husholdsstel leverer over 100 våg smør”  Fjellstuggumannen på Kongsvoll hadde mykje kontakt med trafikken over Dovrefjell, og dette gav nok han mange nye impulsar om alt det nye som braut seg fram og skapte ”hamskifte ”i bygd og by.

 

Men i desse åra minka det med busetnaden i grenda. Før utskiftninga var det mange husmannsplassar, men dei kom bort no. Amerika og farm på prærien var blitt eit populært alternativ til å slite som husmann i tronge kår. Plassane hadde lege i utkanten rundt heile grenda. Vi kan rekne opp (frå nord): Holkåsa, Holplassen, Diket, Øver-Ekrann, Salmakerhaugen, Berteplassen, Kleva, Riskallhåggån, Kvistesbakken, Joplassen, Rishaugen, Rislia og Enoksplassen.

 

Dei fleste plassane er det ingen spor etter i dag. Dei har gått inn i gardane, og tuftene er rydda. I Rislia vart plassane kjøpt opp og dreve som gardsbruk som enda er i drift. Den einaste som syner plassen og tuftene slik dei var, er Berteplassen (bildet under). Det er den øvste plassen mot Vinstradalen, og ligg i kanten ut mot Vinstra. Der finn ein tufter etter små hus, og ein idyllisk solbakke som før Hans Berte fekk husmannskontrakt på den, vart kalla for Åkerhaugen. Staden er vakker og vel verd eit besøk for ein  kaffekvil for oss. Men for dei som skulle ta ut levebrødet sitt her var det nok noko anna enn idyll.

Utskiftning og hamskifte
Berteplassen.jpg

Vegar og vegbygging

 

Den gamle sætervegen gjekk forbi Trenga og Risjære. I merket mellom Trenga og utmarka står det ei grind som blir kalla Kløvgrinda. Frå denne grinda har det nok i si tid vore naudsynt å nytte kløv. Seinare  - vi veit ikkje når - vart det bygd vognveg. Den fungerte utan store problem så lenge transporten gjekk med hest og vogn. Men da bilen kom i mellomkrigsåra, steig krava til vegstandard. Og i 1938 vart det gjort vedtak om å bygge ein betre veg.

 

Det var delte meiningar om kva trasè ein skulle velje for nyvegen.

 

Det første var om den skulle gå etter den gamle vegen, nord for Trenga, gjennom Kløvgrinda og fram til Vetlløkkja. Eller om ein skulle velge å gå rett sørover til Jelan med ny veg frå Jelan, vidare nord for Rishaugen og til Vetleløkkja. Så var det delte meiningar om traseen vidare. Om ein skulle gå etter gamalvegen sørover Limsteinberga og over det gamle brufestet over til Brustølen. Det andre alternativet var å gå over Melan med ny bru over Vinstra og sørover Moen fram til Brustølen.

 

Det var i grunnen stor usemje, spesielt om alternativet Moen eller Limstenberga. Etter fleire møter både med og uten voteringar, vart det tilslutt 18 stemmer for at starten på vegen skulle gå sørover over Jelan. Berre 5 var for den gamle traseèn. Om Moen -  Limstenberga gjekk nok diskusjonen hardare. Etter eit møte med 15 mot 15 røyster, vart det eit nytt møte, og da vart Moen med ny bru vedtatt med 15 mot 12 røyster.

 

I krigsåra vart det gjort lite på vegen. I 1946 vart det gjeve eit off. tilskot til arbeidet på kr 7.500.-, og da det  samtidig såg ut til at det vart aktuelt med  mjølketransport til meieriet, vart det meir fart i arbeidet. Framleis var det berre hestar og mannemakt å bruke til vegarbeid. Det vart skreve ut pliktarbeid og ein fikk retta på dei verste plassane. Men i 1948 kom ei ny tid for vegarbeid og mangt anna. Formannen fekk tilbod om å leige bulldozer til vegarbeidet. Det vart stilt garanti for kr 20.000-. Så kom Simen Huse og Co frå Gudbrandsdalen og planerte ny veg frå Jelan og vidare innover dalen.

 

Dette var første gongen at det vart brukt bulldozer i Oppdal, og det var stor tilstrøyming av folk som ville sjå det nye maskineriet. Seinare vart det maskinstasjon i bygda, og trillebåra, hakka og spaden fekk avløysing.

 

Brua over Vinstra vart for ein stor del bygd på dugnad med Georg Sneve som arkitekt og byggmeister. Eit storarbeid vart utført med små hjelpemiddel. Ein vanleg stubbrytar var alt dei hadde å hjelpe seg med, men brua stod ferdig da bulldoseren kom og skulle over! Slik vart vegen bygd bit for bit fram til Vetlevonen.

 

Fram til 1972 vart alt vegarbeid og utgifter med det fordelt på sætereigarane etter forholdstal som dei var blitt einige om. Men dette året  sette dei opp bom i vegen ved Jelan, og sidan har alle køyrande  betalt bompengar. Disse pengane blir brukt til å halde vegen i stand.

Vegar og vegbygging
Vinstradalen_setre.jpg

Vinstradalen - "spiskammerset" til Risgrenda

Vinstradalen har alltid vore ein viktig ressurs for gardane i Risgrenda. Det tok nok til med slåtteng og beite, men det vart tidleg bygd sæterhus. Dei eldste husa på Brustølen viser byggemateriale og lafteteknikkar som er eldgamle. Sjølve namnet på sætrene, BRUSTØLEN, tyder på at her har vore sæter før Svartedauden. Inge Klett Mull har nokre tankar om dette i  utkastet sitt til bygdebok, som vart trykt i 1940. Brustølen vart bygsla til slåtteeng i 1657, truleg etter å ha lege brakk i fleire hundre år. Da folketalet i Oppdal gjekk dramatisk ned etter pestkatastrofen midt på 1300-talet, var det ikkje så naudsynt lenger å ha sætrer og beite langt unna gardane. Det var nok i dalen til alle, og Brustølen vart desse 300 åra liggande ubrukt.

 

Men utover 1600-talet steig folketalet kraftig, og etterkvart vart ressursane i Vinstradalen teke i bruk for fullt. På sætrene var det produksjon av smør og ost. Dette vart lagra på sætra og så vart ”sommardrotten”  frakt heim eingong utpå hausten, vanlegvis i andre halvdel av september. Seinare vart det mindre med gamalostproduksjon, i staden vart fløten tatt ut til smør, og skummamjølka vart bruka til oppforing av kalvar og griser. Nå vart smøret henta usalta ein  gong i veka og levert på meieriet. Etter at nyvegen var ferdig, vart det fast mjølkerute. Ifølge sæterboka på Ekkersætra gikk første mjølkebil i 1953. Mjølkeruta vart innstilt i 1985 da sætringa avtok på 1980-talet.

 

Når vi ser bort fra jakt– og fiskebuene i Vetlevonin, er Vinstradalen fri for hytter. Pilgrimsleia følgjer sætervegen gjennom dalen, og for å tene denne trafikken, vart 1/3 av fjøset på Farbregdsætra i Ryphusan ombygd for matkvil og overnatting for vandrarar.

(Av Ola P. Hoel)

Spiskammerset
Livet på setra
Nr.5.jpg

Sæterjenta og stuten. Gjertrud Loe på Nordigardssætra 1957.

Livet på setra

De fleste gardene hadde fra gammelt av sæter, enten oppe i lia, eller over skogbandet. Her flyttet de opp med kyrne og geiter for de som hadde det, om sommeren for å utnytte beiteressursene i utmarka. Ungdyr, kalver og grisen var gjerne også med til sæters. På sætra var det vanligvis også et stykke innmark, en vang, som ble slått. Fôret ble lagra i ei høyløe og kjørt ned med hest på vinterføre.

 

Sæterjenta kunne være kona på gården, men var ofte ei ugift ungjente eller ei eldre ugift tjenestejente. I tillegg var ungene på garden gjerne med til sæters for å gjete ungdyr og kalver.

 

Sætra var som en liten gard i miniatyr. Sæterbua var tredelt med oppholdsrom (bua) der sæterjenta og gjeterne bodde, arbeidsrom (skjæle) der storgryta som osten ble koka i sto, og lagerrom (kjillar) der ost, rømme og smør ble lagra. Fjøset der kyrne ble melka og lå om natta lå helt i utkanten av sætervangen og hadde utgangsdør for kyrne ut av sætervangen slik at kyrne ikke kom inn på vangen. Grishuset hørte også med. Grisen var med til sæters for å ta seg av avfallet fra produksjonen. På sætervangen sto det i tillegg ei høyløe til å lagre det gode sæterhøyet i (Kjell Haugland: Oppdals historie, side 90). På en del sætre var det også eget kalvhus og kokhus til ysting.

 

Arbeidsdagen i sætra var delt inn i faste gjøremål. Her følger et eksempel fra kvardagen til sæterjentene Jorid Røhjell og Gjertrud Heggvold, som var sæterjenter på henholdsvis Ålbussætra (Løkkjsætra) på Mælia og Nordigardssætra på Loslia på 60 og 70-tallet.

 

Sæterjenta sto opp kl. 5 . Det første hun gjorde var å tenne i ovnen og sette på vann. Så gikk hun i fjøset og skrapte møkk hos kyrne som hadde ligget inne i fjøset om natta. Når dette var gjort var vannet på ovnen inne blitt varmt nok til å legge jurklutene i. Nå sto melkinga for tur, for hånd selvfølgelig. Kl 7 skulle fjøsstellet være ferdig og kyrne slippes ut. Her fulgte sæterjentene på de ulike sætrene med hverandre, så det gjaldt å ikke forsove seg.

 

Etter at kyrne var utslept skulle melka separeres, og deretter skulle seperatoren og fjøset vaskes. Kalvene fikk separertmelka, deretter ble også de sluppet ut. Fløten ble syrnet til rømme. Nå var det tid for frokost, gjerne skikkelig sæterkost med rømme. Etter dette fulgte gjerne en formiddagskvil. Nå var det litt fritid, og sæterjentene besøkte gjerne hverandre.

 

I 17-tida var det tid for kveldsstellet. Kyrne kom vanligvis hjem til sætra i god tid før melking. Utover sensommeren når det ble lengre å gå etter maten kom de gjerne noe senere. Hvor flink kyrne var til å komme hjem til melking varierte selvfølgelig, og på enkelte sætre var kyrne mer ”umulige”, og måtte hentes. Før kyrne ble sluppet inn i fjøset ble det gitt kraftfôr slik at de gikk båsene sine. 

 

En gang i uka skulle smøret kjernes. Rømmen ble tatt fram dagen før for temperering. Å dra sveiva på kjerna var tungt arbeid og hjelp fra bygda var kjærkomment. Etterpå skulle smøret skylles og eltes. Til slutt måtte alt utstyret og golvet vaskes. Arbeidet med smøret tok gjerne nesten hele dagen. Smøret ble senere kjørt ned i smørkasser og sendt til meieriet.

 

En gang i blant ble det kokt gomme, kvitost eller gammelost. Melka ble hellt spenevarm i storgryta og løype ble tilsatt. Til kvitost og gammelost ble osten så tatt opp i et klede og mysen presset ut. Osten ble lagt i ostkjørel. Mysen ble så brukt til kalvefôr eller kokt inn til brunost eller ”mussusmær” (prim). Ved gommekoking ble ikke osten tatt ut av gryta, den ble kokt sammen med mysen til mysen kokte inn og massen ble brun. Etterpå skulle gommen røres kald og legges i kjørel. Å koke gomme tok hele dagen, det var om å gjøre å fyre hardt nok til at en bli ferdig til kveldsstellet i fjøset. Samtidig måtte gommen for all del ikke brenne seg. I Mælia brukte de å koke gomme hver sin dag på sætrene. Når den ene koka var de andre sæterjentene på besøk for å hjelpe til og smake.

 

Med jevne mellomrom var det sæterlag. Da ble alle sæterjentene i sætergrenda invitert. Det var vanligvis et sæterlag på hver av sætrene for sommeren. Før sæterlaga måtte det vaskes skikkelig i både bu og fjøs, de andre sæterjentene skulle ikke få noe å utsette på stellet på sætra. Serveringa var enten middag eller skikkelig sæterkost med rømme.

 

Det var vanlig å flytte til sæters ved sankthanstider, og hjem igjen rundt midten av september.

 

Den sætra som ligger lengst sør på østsida av Drivdalen er Gåvvålisætra,

som tidligere tilhørte Kongsvold fjellstue. Videre nordover ligger det sætre i Vårstigen, Vinstradalen, Mælia og Loslia. På vestsida finner vi sætre i Tronddalen og Åmotsdalen. Grønbakken som egentlig er en fjellgard har også vært brukt som sæter i nyere tid. En del garder i Drivdalen har hatt og har sætre i Unndalen.

 

En annen form for utnytting av fôrressursene i fjellet er de gamle fjellægrene. For å utnytte beitet i høgfjellet, og samtidig beskytte dyra mot rovdyr, ble flokken samlet ved fjellægeret om nettene. På lægrene var det vanligvis et kve til å samle dyra i og ei lita bu som gjeteren overnattet i. Ordet læger kommer av at gjeteren ”låg” der med drifta. Både sau, geit, hest og ungdyr og okser av storfe ble gjett på denne måten. Etter hvert som beitet ble dårlig flyttet gjeteren drifta til et nytt læger. I fjellområdene rundt Drivdalen er det kjent gamle fjellæger: i Vetlvonin , ved Elgsjøen, i Skoresdalen ved Ristjønna, i Brattstigen, på Bruhøa, ved Skortan, Hemtjønna, Bekkjlægeret, på Tangen, Ryggen i Åmotsdalen. Flere av de gamle fjellægrene ble etter hvert tatt i bruk som sætre, dette gjelder blant annet Vetlvonslægeret og Tanglægeret (Ola J. Rise: Oppdalsboka I, side 131-143). Se også: Erik Dørum: De gamle driftelægrene i Søraustfjellet (Bøgda vår 87 s. 24-32)

 

 

Se kart over setre i Vinstradalen og Oppdal

Ønsker du å lese mer om sætring i Drivdalen?

Ola Bjerkås: Loslisetrene (Bøgda vår 99 s. 35-41)

Agnes Loe Dalen: Sæterliv og heimsætrer i Loslia (Bøgda vår 95 s. 71-73)

Erik Dørum: Setrene i Vårstigen (Bøgda vår 1984 s. 46-53)

Per Forbregd: Setre på øst- og sydsiden i Oppdal(Olav Snøfugls trykkeri)

Per Forbregd: Melia. Om setrene og eiendomsforhold (Bøgda vår 95 s. 65-69)

Willy Olsen: Setre og utslåtter i Åmotsdalen (Åmotsdalne i fortid og nåtid, Storskrymten spaserklubb 2000 s. 7-15)

Bildetekst under: Gommekoking. Annbjørg Langset og Jorid Loe var sæterjenter på Mælia.

Gommekoking_edited.jpg
Nr.7.jpg
bottom of page